torsdag 12. april 2012

Kvite prosjekter....

Ein liten bildeserie av nokre av mine oppussingsprosjekter når det gjeld møbler...ein herleg fritidssyssel...men dog så plasskrevande. Håpar å få leige meg eit lite verksted i nærheten...for dette er verkeleg moro å halde på med....

 Ahhh...mitt favorittprosjekt!! I min barndom hadde vi eit sånt klaffebord på kjøkenet. Dette dukka opp, og det kom heilt klart fram gode minner....og skal eg vere heilt ærleg, så må eg innrømme at eg angrar mykje på dette salget....og skulle det dukke opp eit sånt bord til? Det er MITT MITT:) Skulle du finne eit på din veg? Blir veeeldig glad om du tek kontakt!:)
 Av og til gjer man rett og slett eit realt kupp på finn. Brunt og sandblåst eik. Flisete og fel...kjøpt for den nette sum av 200 kroner. Eg pussa og grunna - pussa og malte - stod på i eit par dager. Deretter vart det ein lykkeleg eigar som kjpte den for å ha den på ei hytte.
Spisestua som eg jobba mykje med....og ufatteleg vakker...hadde den i heimen før den vart solgt til Fedje Kommune. Den befinner seg på hellesøy fyr....Miss it.

1 kommentar: