torsdag 5. april 2012

Teppegalskap...

Eg leste ein blogg igår...krmt...jaja, ok, inatt! Ei dyktig dame som hadde flytta rundt på nokre møblar ein dag  mannen hennar var ute av huset. Ho tok kveld...fann ikkje roen...det var ein benk som var "feilplassert"...Ho kalte det for Interiørdepresjon...Aldri har ein diagnose passa betre på meg enn akkurat denne. Eg VISSTE at det fantes eit navn på "uro i kroppen etter endt ommøblering."

Min definisjon på interiørdepresjon:  Akutt uro etter å ha flytta på møbler, fordi ein ikkje er heit tilfreds med valget ein har gjort.
Bivirkning: Kan ofte føre til tankesurr og akutt søvnmangel.
(No håpar eg den dyktige dama ikje vil ta dette ille opp at eg brukte hennar her inne).

Vel, saken er..(meiner hardt at eg snart kjem til poenget)  at eg var ein smuuuule lei av dette juteteppet under salongen -vel er det i ein nydeleg gråbrun farge...men...grrr så mykje sand som samlar seg under. Eg rullar saman teppet, putter det under armen, inn i boda...og ut kom eit anna teppet..."Oi, det teppet hadde eg gløymt"...det kjem ut eitt til..."Oi, har eg det endå?"....siste teppet..."Du kan berre bli der du er"...Frøkena talde ikkje mindre enn tre tepper...

Då var det tur for å slepe to av teppene ned trappa...først eit brunt flossteppe som eg har fått av mamma -eit nyyydeleg teppe i bomull...Mmmm...så godt å gå på...DET velger vi!
Fornøyd som eg var, gjekk eg endeleg å la meg...



Kortvarig sengetid, for etter 10 minutt var eg på beina att, grunna akutt utbrot av tankesurr..."Var ikkje dette teppe LITT for brunt til stua mi?" "Var det ikkje det teppet eg vart så irritert på når teppeluven låg paddepaddeflat i bunnen?" "Eg har jo så mykje grå detaljer i stua for tida, det brune teppet vert nok for brunt du:" Lidelse: Interørdepresjon!! Kjære vene eg er glad eg har den diagnosen å støtte meg til du:))))
Valget falt sjølvsagt på det kvite teppet...ingen bombe..;)


Godt fornøyd med resultatet av teppevalg...etter kraftig tankesurr...nyter eg påskedagane...og vil ynskje dykk alle ei riktig så god påske...eg nyter mine karameller...og ein kvit rosebukett....og finner roen i skogen...<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar