torsdag 12. april 2012

Roser og bjørkekvister bunden med hyssing var bordpynten til min 40 års dag for nokre år sidan. Fargen på rosene var unik, og har aldri sett denne type roser sidan....sukk.


Wish You all a Wonderfull Weekend.....Buy some beautifull Roses to one You Love...buy some to a Friend....I'm gonna buy some...just for ME :-)

Kvite prosjekter....

Ein liten bildeserie av nokre av mine oppussingsprosjekter når det gjeld møbler...ein herleg fritidssyssel...men dog så plasskrevande. Håpar å få leige meg eit lite verksted i nærheten...for dette er verkeleg moro å halde på med....

 Ahhh...mitt favorittprosjekt!! I min barndom hadde vi eit sånt klaffebord på kjøkenet. Dette dukka opp, og det kom heilt klart fram gode minner....og skal eg vere heilt ærleg, så må eg innrømme at eg angrar mykje på dette salget....og skulle det dukke opp eit sånt bord til? Det er MITT MITT:) Skulle du finne eit på din veg? Blir veeeldig glad om du tek kontakt!:)
 Av og til gjer man rett og slett eit realt kupp på finn. Brunt og sandblåst eik. Flisete og fel...kjøpt for den nette sum av 200 kroner. Eg pussa og grunna - pussa og malte - stod på i eit par dager. Deretter vart det ein lykkeleg eigar som kjpte den for å ha den på ei hytte.
Spisestua som eg jobba mykje med....og ufatteleg vakker...hadde den i heimen før den vart solgt til Fedje Kommune. Den befinner seg på hellesøy fyr....Miss it.

Mitt paradis...

Det lir sakte men sikkert mot varmare tider. Ingenting er så vakkert som eit solgløtt og grøne marker.
Når våren er i anmarsj, er det på tide for tuppa i heimen å ta seg ein luffetur rundt på tomten. Ikkje mindre enn 18 mål disponerer eg, så....jo, det kan bli lange turar....alt i frå skog, store enger, små hager, og ikkje minst vakre gamle bygninger....

Eg har ein favoritt utafor stuevinduet mitt....ei rød gamal stue -bygd på slutten av 1800-talet. Inni stua er der ein del vakre gamle og mitspiste møblar....sikler litt etter dei, og har funne ut at husverten definitivt må bearbeidast her...for møblane ønsker eg meg sterkt.
 Eit gamalt epletre rommer ei disse som er i flittig bruk av store og små.
 Ein tur inn...?
My road to paradise....

tirsdag 10. april 2012

Mmmm.....

Ei herleg herleg påska er over....Mmm....vakker var den...iallefall for meg....

Tusling i heimen, flytte rundt på nips, for så å ta bilder...

Men å flytte rundt på MAT...nei...der går vel grensa...eller...? Uff, ja, det er ikkje rart mine veninner må smile av meg iblant...Her kjem dei med boller...miniboller sådan...plasserer dei på fat...og vi er klar til å innta herligheten.
 STOP -ikkje spis...ikkje endå!! Puh...letta over at bollane framleis ligg på fatet.. kjære vene...eg har jo eit nyyydeleg stettfat som...passer akkurat til desse minibakelsane....Vel var stettfatet opptatt av å innehalde gamalt sølvbestikk, og ein linserviett...men pytt pytt. Her er ALLTID plass til litt ekstra...

"Sånn...no kan vi spise....forsyn deg kjære veninne".....and Enjoy This Wooonderfull taste...

lørdag 7. april 2012

Ting eg lager....

Frå eg var lita, så har eg alltid likt håndarbeid...strikka min første genser når eg var 12...å kjære vene den var liiite pen ser eg jo i ettertid...ikkje berre gjekk mønsteret i sikksakk...men heile arbeidet gjekk jo i sikksakk...gjekk eg med den? Yep....herlighet, syntes jo den var fin, DÅ. Den var grøn, lysegrøn, mørkegrøn, og kvit...Eg hadde ein mørkebrønn cordfløyelsbukse, og gensaren. Sprada rundt i nærmiljøet, og syntes eg var ganske så fin....kjenner eg får lettare kramper når eg skriv om det...minner kjem...

Heldigvis, så har fargespekteret, stil, og ikkje minst smak endra seg sidan eg var 12....puh...ein lettelse du:)

I den seinare har eg fått ei stor interesse for sying...og det går unna...Det er hovudsak puter, toalettvesker, og sminkepunger som lagast....Har vore så heldig å få solgt noko av det eg lager, det gjer at eg kan fortsatt kan dyrke interessa for håndarbeid...å himmel og hav kor boda mi hadde sett ut viss ikkje...:))

Så....her...eit aldri så lite bilderas av det eg putler med når tida strekker til....det er også mulig å bestille...eg syr gjerne på bestilling.....

Om du skulle finne noko.....så ta kontakt på mail: laiton69@live.no











torsdag 5. april 2012

Eg selger...

Eg har ein meget kjær hobby...strikkestrikkestrikke...

Etter ein lang periode med strikking av luer og halser til mine fire søte små, var det på tide med litt strikking av ting og tang til heimen...

To gode puter i godt ullgarn...Desse puten er til salgs...

Flettepute inkl.dunpute koster 400.-
"Puddelpute" inkl.dunpute koster 300.-

Putene er veldig veldig lite brukt.



Putene er strikka i gode kvalitetsgarn frå Sandnes Ullvarefabrikk og Dalegarn.

Ta gjerne kontakt på mail: laiton69@live.no

Teppegalskap...

Eg leste ein blogg igår...krmt...jaja, ok, inatt! Ei dyktig dame som hadde flytta rundt på nokre møblar ein dag  mannen hennar var ute av huset. Ho tok kveld...fann ikkje roen...det var ein benk som var "feilplassert"...Ho kalte det for Interiørdepresjon...Aldri har ein diagnose passa betre på meg enn akkurat denne. Eg VISSTE at det fantes eit navn på "uro i kroppen etter endt ommøblering."

Min definisjon på interiørdepresjon:  Akutt uro etter å ha flytta på møbler, fordi ein ikkje er heit tilfreds med valget ein har gjort.
Bivirkning: Kan ofte føre til tankesurr og akutt søvnmangel.
(No håpar eg den dyktige dama ikje vil ta dette ille opp at eg brukte hennar her inne).

Vel, saken er..(meiner hardt at eg snart kjem til poenget)  at eg var ein smuuuule lei av dette juteteppet under salongen -vel er det i ein nydeleg gråbrun farge...men...grrr så mykje sand som samlar seg under. Eg rullar saman teppet, putter det under armen, inn i boda...og ut kom eit anna teppet..."Oi, det teppet hadde eg gløymt"...det kjem ut eitt til..."Oi, har eg det endå?"....siste teppet..."Du kan berre bli der du er"...Frøkena talde ikkje mindre enn tre tepper...

Då var det tur for å slepe to av teppene ned trappa...først eit brunt flossteppe som eg har fått av mamma -eit nyyydeleg teppe i bomull...Mmmm...så godt å gå på...DET velger vi!
Fornøyd som eg var, gjekk eg endeleg å la meg...



Kortvarig sengetid, for etter 10 minutt var eg på beina att, grunna akutt utbrot av tankesurr..."Var ikkje dette teppe LITT for brunt til stua mi?" "Var det ikkje det teppet eg vart så irritert på når teppeluven låg paddepaddeflat i bunnen?" "Eg har jo så mykje grå detaljer i stua for tida, det brune teppet vert nok for brunt du:" Lidelse: Interørdepresjon!! Kjære vene eg er glad eg har den diagnosen å støtte meg til du:))))
Valget falt sjølvsagt på det kvite teppet...ingen bombe..;)


Godt fornøyd med resultatet av teppevalg...etter kraftig tankesurr...nyter eg påskedagane...og vil ynskje dykk alle ei riktig så god påske...eg nyter mine karameller...og ein kvit rosebukett....og finner roen i skogen...<3